Samtale i studio
Fagsamtalen, podkastepisoden eller praten de har snakka om å ta opp lenge. To til fire rundt bordet, eigne spor på kvar mikrofon.
Podcast · fagprat
Snakk i lag
Og få hjelp å fortelje den på ein måte som når ut. Profesjonelt studio for podcast, video og webinar på Campus Sogndal — ope for alle.
Kva det er
Eitt rom i 3. etasje på Campus Sogndal. To riggar — ein for podcast, ein for video og strøyming. Éin operatør køyrer begge.
Studioet er ikkje eit mediehus som overtek prosjektet ditt. Det er ein infrastruktur du kan bruke, med hjelp til å kome i gang.
Du treng korkje eige utstyr eller teknisk kompetanse. Du kjem med historia di; resten er tilrettelagt.
Fire format
Kvart format har same mal for førebuing, opptak og etterarbeid. Difor går det fort å setje i gang, og difor veit du kva du får.
Fagsamtalen, podkastepisoden eller praten de har snakka om å ta opp lenge. To til fire rundt bordet, eigne spor på kvar mikrofon.
Podcast · fagprat
Webinar, kursinnhald eller ein presentasjon du skal sende ut. Du snakkar, vi styrer resten.
Webinar · kurs
Éin person, éi forteljing. Kort nok til å faktisk bli sett, langt nok til å seie noko som betyr noko.
Film · deling
Webinar eller arrangement sendt direkte, med opptak du får etterpå. Fleire kamera, bilete frå skjerm.
Direkte · opptak
Pakkar og prisar
Prisane er utan meirverdiavgift. Vi prøver oss fram i denne perioden og justerer når vi veit meir om kva som faktisk blir bestilt.
Du styrer riggen sjølv2 t
1 500 kr
eks. mva.
Vi køyrer riggen2 t
3 500 kr
eks. mva.
Ferdig til publisering3 t
frå 7 000 kr
eks. mva.
For kven
Bedrifter og offentlege verksemder som treng innhald utan å byggje kapasiteten sjølve. Organisasjonar, lag og frivillige. Utdannings- og forskingsmiljø. Gründerar og enkeltpersonar. Aktørane på Campus har studioet like ved, men det er ope for heile regionen.
Har de ein fagprat, eit webinar eller ein samtale de burde ha delt?
Studioet er klart. De treng ikkje kunne teknikken frå før.
Kven står bak
Studio Campus er eit spleiselag. Tre aktørar har lagt inn kvar sin del, og du treng berre å forhalde deg til éin: studioet. Studioet er òg «Snakk i lag» i Sognaalmenningen — fellesskapen på Campus der folk tek med seg eit problem og går heim med ei løysing. Der «Skap i lag» handlar om å finne svaret, handlar «Snakk i lag» om å få det ut til nokon.
Lokala
Eig Campus Sogndal og rommet studioet står i. Ein del av infrastrukturen for leigetakarane og brukarane på Campus.
Utstyret
Eig riggane — kamera, lys, lyd og miksarar. Det er deira investering som gjer at du ikkje treng å kjøpe noko sjølv.
Drifta
Tek imot bookinga, stiller som operatør og følgjer opp til filene er levert. Vi held trådane så du slepp.